
Hjelme Web
Hjelme Web er eit enkeltmannsforetak etablert av Erlend Hjelme i 2013.
Eg har utdanning i grafisk design og systemutvikling. Har fleire års erfaring med webutvikling og gjennomføring av større utviklingsprosjekt. Har sidan oppstarten av Hjelme Web laga fleire ulike nettsider som du ser i mi portefølje.
Gjennom Hjelme Web ønsker eg å kunne ta på meg oppdrag innan design av heimesider frå lag/organisasjoner og små/mellomstore bedrifter. Gjerne fra dei som held til i Norddal kommune eller omegn.

Erlend Hjelme
Det er heilt klart ein fordel å være lokalisert i nærleiken av kunden slik at kunden sjølv kan vere mest mulig delaktig i prosessen med å lage nye heimesider. Ein kan spare mykje tid ved å møtast nokre gongar mens den nye heimesida vert til.